21 Så finn eg altså at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde.
22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov.
23 Men i lemene mine kan eg sjå ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i mitt sinn og gjer meg til fange under syndelova, som er i lemene.
24 Eg arme menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens kropp?
25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Slik er altså eg: Med sinnet tener eg Guds lov, men med kjøtet tener eg syndelova.