5 Då kjøtet hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.
6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døydd frå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv i Anden, og ikkje i det gamle, etter bokstaven.
7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst om synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.
8 Synda brukte bodet til å vekkja alle slags lyster i meg, men utan lova er synda død.
9 Eg levde ei tid utan lova. Men då bodet kom, fekk synda liv,
10 og eg døydde. Slik viste det seg at bodet som skulle gje liv, førte til død.
11 For synda brukte bodet til å narra og drepa meg.