9 Eg levde ei tid utan lova. Men då bodet kom, fekk synda liv,
10 og eg døydde. Slik viste det seg at bodet som skulle gje liv, førte til død.
11 For synda brukte bodet til å narra og drepa meg.
12 Lova er altså heilag, og bodet er heilagt, rett og godt.
13 Men har så det gode ført til døden for meg? Langt ifrå! Men synda brukte det gode til å føra meg i døden, for å gjera det klårt korleis synda er: Gjennom bodet skulle synda visa seg å vera over all måte syndig.
14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda.
15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg.