10 Men dersom Kristus bur i dykk, er nok kroppen død på grunn av synda, men ånda er levande på grunn av rettferda.
11 Han reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar dødelege kropp levande ved sin Ande, som bur i dykk.
12 Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil.
13 For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva.
14 Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born.
15 For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»
16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.