12 Så skyldar vi ikkje kjøtet nokon ting, sysken, så vi skulle leva slik det vil.
13 For dersom de lever slik kjøtet vil, skal de døy. Men drep de ved Anden dei gjerningane kroppen gjer, då skal de leva.
14 Alle som blir drivne av Guds Ande, er Guds born.
15 For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»
16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.
17 Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.
18 Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår.