15 For de fekk ikkje den ånda som slavane har, så de på nytt skulle leva i frykt. Nei, de fekk Anden som gjev rett til å vera Guds born, den som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»
16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.
17 Men er vi born, då er vi òg arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi òg skal eiga herlegdomen saman med han.
18 Eg meiner at det vi må lida i den tida som no er, ikkje er nokon ting mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og bli vår.
19 Det skapte lengtar inderleg etter at Guds born skal openberrast i herlegdom.
20 For det skapte vart lagt under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det slik. Likevel var det håp,
21 for òg skapningen sjølv skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen.