25 Men håpar vi på noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod.
26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår maktløyse. For vi veit ikkje kva vi skal be om for å be rett, men Anden sjølv går i forbøn for oss med sukk utan ord.
27 Og han som ransakar hjarta, veit kva Anden vil, for han bed etter Guds vilje for dei heilage.
28 Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.
29 Dei han på førehand vedkjende seg, har han òg på førehand sett til å bli forma etter biletet av Son sin, så han skulle vera den førstefødde mellom mange sysken.
30 Og dei han på førehand har bestemt til dette, har han òg kalla. Og dei han kalla, har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, har han òg herleggjort.
31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?