3 Det som var umogleg for lova, sidan ho stod maktlaus fordi vi er av kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same slag kjøt og blod som syndige menneske har, og heldt dom over synda i oss.
4 Slik skulle det som lova krev, bli oppfylt i oss som ikkje lever slik kjøtet vil, men slik Anden vil.
5 Dei som lever slik kjøtet vil, traktar etter det som høyrer menneske til, men dei som lever slik Anden vil, traktar etter det som høyrer Anden til.
6 For det kjøtet vil, er død, men det Anden vil, er liv og fred.
7 Difor er det som kjøtet vil, fiendskap mot Gud, for det bøyer seg ikkje under Guds lov og kan det ikkje heller.
8 Dei som kjøtet har makta over, kan ikkje vera til glede for Gud.
9 Men det er ikkje kjøtet som har makta over dykk, det er Anden – så sant Guds Ande bur i dykk. Den som ikkje har Kristi Ande, høyrer ikkje Kristus til.