32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.
34 Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss.
35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?
36 Som det står skrive: For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.
38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,