35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?
36 Som det står skrive: For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.
38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,
39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.