1 Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande.
2 Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet.
3 For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg.
4 Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira.
5 Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.
6 Det er ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,
7 og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.