14 Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!
15 For til Moses seier han: Eg vil miskunna meg over den eg vil, og ynkast over den eg vil.
16 Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg.
17 For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det fordi eg ville visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda.
18 Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.
19 No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»
20 Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?»