19 No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»
20 Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?»
21 Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk?
22 Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne.
23 Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom.
24 Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.
25 Som han seier hos Hosea: Dei som ikkje var mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som eg ikkje elska, vil eg kalla den som eg elskar.