22 Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne.
23 Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom.
24 Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg.
25 Som han seier hos Hosea: Dei som ikkje var mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som eg ikkje elska, vil eg kalla den som eg elskar.
26 Der det før vart sagt til dei:«De er ikkje mitt folk», der skal dei kallast borna til den levande Gud.
27 Og Jesaja ropar ut over Israel: Om Israelsborna var så talrike som havsens sand, skal berre ein rest bli frelst.
28 For i hast skal Herren sluttføra sin rekneskap på jorda.