27 Og Jesaja ropar ut over Israel: Om Israelsborna var så talrike som havsens sand, skal berre ein rest bli frelst.
28 For i hast skal Herren sluttføra sin rekneskap på jorda.
29 Og som Jesaja før har sagt: Hadde ikkje Herren over hærskarane late nokon av vår ætt leva, då var vi som Sodoma, då likna vi Gomorra.
30 Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje jaga etter å få rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru.
31 Men Israel, som jaga etter lova for å vinna rettferd, dei nådde ikkje fram.
32 Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen,
33 som det står skrive: Sjå, på Sion legg eg ein støytestein og eit berg til fall. Men den som trur på han, skal ikkje bli til skamme.