4 Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira.
5 Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.
6 Det er ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,
7 og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.
8 Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.
9 For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.
10 Og ikkje berre det – også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår.