7 og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.
8 Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.
9 For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.
10 Og ikkje berre det – også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår.
23 Før dei var fødde, då dei verken hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå fast og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.
13 For det står skrive: Jakob elska eg, men Esau hadde eg uvilje mot.
14 Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!