1 Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel – utsend for å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna sanninga som gjev gudsfrykt
2 og håp om evig liv – det livet som Gud, han som ikkje lyg, har lova frå evige tider.
3 Til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er tiltrudd meg etter påbod frå Gud, vår frelsar.
4 Eg helsar Titus, mitt ektefødde barn i vår felles tru: Nåde og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår frelsar!