2 og håp om evig liv – det livet som Gud, han som ikkje lyg, har lova frå evige tider.
3 Til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er tiltrudd meg etter påbod frå Gud, vår frelsar.
4 Eg helsar Titus, mitt ektefødde barn i vår felles tru: Nåde og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår frelsar!
5 Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få orden på det som endå var ugjort, og setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg.
6 Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv.
7 For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera eigenrådig, bråsint, drikkfeldig eller hardhendt og ikkje ute etter skammeleg vinning.
8 Men han skal vera gjestfri og ha kjærleik til det gode, vera forstandig og rettferdig, ha ærefrykt for Gud og ha herredøme over seg sjølv.