1 Men du skal forkynna i samsvar med den sunne læra
2 at eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og forstandig fram og vera sunne i både trua, kjærleiken og tolmodet.
3 Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode,
4 så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,
5 leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.