3 Like eins at eldre kvinner skal leva som det sømer seg for heilage: at dei ikkje skal fara med sladder eller vera avhengige av mykje vin, men vera rettleiarar i det gode,
4 så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,
5 leva sømeleg og reint, ta ansvar for heimen og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal bli spotta.
6 På same måten skal du formana dei unge mennene til å vera stødige
7 i all si ferd. Ver sjølv eit førebilete i gode gjerningar! Lat undervisinga di vera uforfalska og boren fram med alvor,
8 og lat forkynninga di vera sunn og ulasteleg, så kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.
9 Slavane skal du formana til å underordna seg herrane sine i alt og retta seg etter dei utan å seia imot.