11 For du veit at eit slikt menneske er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.
12 Når eg sender Artemas eller Tykikos til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis. Der har eg tenkt å vera vinteren over.
13 Sjå til at Zenas, den lovlærde, og Apollos blir utrusta til reisa, så dei ikkje manglar noko.
14 Også våre folk må læra å gjera gode gjerningar og hjelpa når det trengst, så livet deira ikkje skal vera utan frukt.
15 Alle som er hos meg, helsar deg. Hels alle som i trua elskar oss. Nåden vere med dykk alle!