3 For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vill og var slavar under mange slag lyster og ønske. Vi levde i vondskap og misunning, vi vart hata, og vi hata kvarandre.
4 Men det vart openberrakor god vår Gud og frelsar er,og kor han elskar menneska:
5 Han frelste oss,ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,men fordi han er miskunnsam.Han frelste ossved badet som gjenføderog fornyar ved Den heilage ande,
6 som han så rikeleg har aust ut over ossved Jesus Kristus, vår frelsar,
7 så vi skulle bli rettferdige ved hans nådeog bli arvingar til det evige livet, som er vår von.
8 Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal vera opptekne av å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og nyttig for menneska.
9 Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du snu ryggen til; slikt er unyttig og meiningslaust.