14 patrusarane og kaslukarane, dei som filistarane har kome frå, og kaftorarane.
15 Kanaan vart far til Sidon – det var den fyrste sonen hans – og til Het.
16 Frå han er jebusittane òg ætta, og amorittane og girgasjittane,
17 hevittane, arkittane, sinittane,
18 arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan breidde kanaanearættene seg vidare ut.
19 Landegrensa åt kanaanearane gjekk frå Sidon til Gasa, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.
20 Dette var sønene til Kam, ætt for ætt og språk for språk, kvar i sitt land og sitt folkeslag.