1. Mosebok 49 N78NN

Jakob velsignar sønene sine

1 Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg forkynna dykk kva som skal henda dykk langt fram i tidene:

2 Kom saman og høyr, ¬de Jakobs søner,høyr på Israel, far dykkar!

3 Ruben, min eldste son er du,mi kraft og den fyrste frukt ¬av min manndom;høgst i vørdnad, størst i velde.

4 Du brusar over som vatnet,men du skal ingen føremon ha.For du steig opp i senga ¬åt far din,då vanæra du henne ¬– du låg på mi lege.

5 Simeon og Levi er brør.Valdsvåpen er deira sverd.

6 Eg vil ikkje møta i deira råd,vil ikkje vera med ¬i deira samkomer.For i sinne slo dei menner i hel,og sjølvrådig ¬skamskar dei oksar.

7 Forbanna vere ¬ein harme så strid,eit sinne så veldig som deira!Eg vil sprengja dei sund i Jakobog spreia dei ut over Israel.

8 Juda, deg prisar brørne dine;handa di tek fiendane i nakken,sønene åt far din ¬bøyer seg for deg.

9 Ein løveunge er Juda!Frå rov er du komen heim, ¬son min.Han legg seg ned ¬og strekkjer seg som ei løve,som ei løvemor ¬– kven vågar å vekkja han?

10 Ikkje skal kongespir ¬vika frå Judaeller styrarstaven ¬frå føtene hans,til den rette kongen kjem,han som folka skal lyda.

11 Han bind sitt esel i vintreet,sin fole i den edle ranka.Han vaskar sin klednad i vin,sin kjortel i drueblod.

12 Hans augo er mørkare enn vin,hans tenner kvitare enn mjølk.

13 Sebulon bur ¬utmed havsens kyst,utmed stranda ¬der skutene landar,med ryggen vend mot Sidon.

14 Jissakar er eit sterkbygt eselsom ligg mellom kløvkorgene.

15 Han såg at det var godt å kvila,og at landet var fagert.Då bøygde han nakken ¬under børaog vart ein ufri træl.

16 Dan skal døma sitt folk,han som dei andre ¬Israels-ættene.

17 Dan skal vera ein orm på vegen,ein hoggorm attmed stigen;han høgg hesten i hælane,så ryttaren ryk på ryggen.

18 – Eg ventar på di frelse, Herre.

19 Røvarflokkar ryk på Gad,men han driv dei på flòg.

20 Feit er føda hans Asjer,han set fram kongelege retter.

21 Naftali er ei hind ¬som spring fritt;han talar fagre ord.

22 Josef er eit ungt frukttre,eit ungt frukttre attmed kjelda;greinene kliv opp etter muren.

23 Bogeskyttarane eggja han,dei skaut og sette etter han.

24 Men bogen hans er fast og sterk,leduge er hans armar og hender.Han får hjelp ¬av Jakobs Veldige,av han som er hyrdingen, ¬Israels Berg,

25 av Gud åt far din ¬– han hjelpe deg,Gud Den Allmektige ¬– han signe degmed signing ¬frå himmelen der oppe,med signing ¬frå havdjupet der nede,med signing ¬frå bryst og morsliv.

26 Velsigningane åt far din ¬er rikareenn velsigningane ¬frå dei eldgamle fjell,enn herlegdomen ¬åt dei evige høgder.Lat dei koma ¬over Josefs hovud,over krona på hansom er hovding ¬mellom sine brør.

27 Benjamin er ein rovhuga ulv.Om morgonen et han ran,om kvelden skifter han ¬hærfang.

28 Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet. Og dette sa far deira til dei då han velsigna dei. Kvar av dei fekk si eiga velsigning.

Jakob døyr og vert gravlagd

29 Så sa Jakob til sønene sine: «No fer eg til folket mitt. Gravlegg meg då hjå fedrane mine i hola på jordet åt hetitten Efron.

30 Det er den hola som er på Makpela-jordet, austanfor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron til eigande gravstad.

31 Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea.

32 Både jordet og hola der var kjøpte av hetittane.»

33 Då Jakob hadde gjeve desse føresegnene til sønene sine, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og fór til folket sitt.