4 Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.
5 Frå dei har folka på kystane breitt seg ut i landa sine, kvart med sitt språk, ætt for ætt, folkeslag for folkeslag.
6 Sønene til Kam var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.
7 Sønene til Kusj var Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.
8 Kusj fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jorda.
9 Han vart ein veldig jeger for Herrens åsyn. Difor seier folk: «Som Nimrod, ein veldig jeger for Herrens åsyn.»
10 Fyrst rådde han over Babel, Erek, Akkad og Kalne i Sinear-landet.