1 Ei tid etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde så: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold; løna di skal verta overlag stor.»
2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? Barnlaus fer eg min veg, og Elieser frå Damaskus skal arva huset mitt.
3 Meg har du ikkje gjeve born,» sa Abram, «og ein træl i huset mitt kjem til å arva meg.»
4 Då kom Herrens ord til Abram, og det lydde så: «Nei, han skal ikkje arva deg, men din eigen son skal verta arvingen din.»
5 Så tok Herren han med seg ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan! Så tallaus skal ætta di verta.»
6 Abram trudde Herren, og difor rekna Herren han for rettferdig.
7 Så sa han til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea og ville gje deg dette landet til eige.»