1 Då Abram var 99 år gamal, synte Herren seg for han og sa:«Eg er Gud ¬Den Allmektige.Lev for mitt åsyn,ver heil i di ferd!
2 Eg vil skipa ei paktmellom meg og degog gjera ætta di uhorveleg stor.»
3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:
4 «Sjå, eg gjer ei pakt med deg,du skal verta far til mange folk.
5 Du skal ikkje lenger ¬heita Abram,men Abraham ¬skal namnet ditt vera;for eg gjer deg til far ¬åt mange folk.
6 Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg.
7 Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg.