15 Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita.
16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son med henne òg. Ja, eg vil velsigna henne, og ho skal verta mor til mange folk; kongar over folkeslag skal ættast frå henne.»
17 Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Og han sa med seg sjølv: «Kan ein mann som er hundre år, få barn? Og Sara, som er nitti år, kan ho verta mor?»
18 Og Abraham sa til Gud: «Gjev Ismael må få leva for ditt åsyn!»
19 Men Gud sa: «Nei, Sara, kona di, skal få ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil gjera mi pakt med han, ei evig pakt for ætta hans etter han.
20 Og bøna di for Ismael har eg høyrt. Eg vil velsigna han og la han få mange etterkomarar og ei stor ætt. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk.
21 Men pakta mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal få til års på denne tid.»