5 Du skal ikkje lenger ¬heita Abram,men Abraham ¬skal namnet ditt vera;for eg gjer deg til far ¬åt mange folk.
6 Eg lèt deg veksa og aukast og gjer deg til folkeslag; kongar skal gå ut frå deg.
7 Eg skipar ei pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine, frå ættled til ættled, ei evig pakt. Eg vil vera Gud for deg og for ætta di etter deg.
8 Og eg vil gje deg og ætta di etter deg det landet du no held til i, heile Kanaan-landet, til eige i all æve; og eg vil vera deira Gud.»
9 Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled.
10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast.
11 De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.