13 Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og tenkjer: Kan det vera råd at eg skal få barn, så gamal som eg er?
14 Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.»
15 Sara nekta og sa: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»
16 Så gjorde mennene seg ferdige og gjekk; og dei tok leia bortetter mot Sodoma. Abraham var med; han ville fylgja dei på vegen.
17 Då tenkte Herren: «Skulle eg dølja for Abraham det eg vil gjera?
18 Abraham skal då verta til eit stort og sterkt folk, og i han skal alle folk på jorda velsignast.
19 Til det har eg valt han ut at han skal by sønene og etterkomarane sine å halda seg til Herrens veg og gjera rett og skil, så Herren kan la Abraham få det han har lova han.»