25 Det er ikkje di vis å fara så åt, å tyna den rettferdige saman med den gudlause, så det går den rettferdige like eins som den gudlause. Nei, det er ikkje di vis! Han som dømer all jorda, skulle ikkje han gjera det som rett er?»
26 Då sa Herren: «Finn eg femti rettferdige i Sodoma, skal eg spara heile byen for deira skuld.»
27 Abraham tok til ords att og sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren, endå eg er mold og oske.
28 Om det no vantar fem på dei femti rettferdige? Vil du då leggja heile byen i øyde for dei fem skuld?» Han svara: «Nei, finn eg førtifem, skal eg ikkje øydeleggja han.»
29 Abraham heldt fram med å tala til han. «Om det no finst førti?» sa han. Han svara: «For dei førti skuld skal eg ikkje gjera det.»
30 Då sa Abraham: «Herren må ikkje verta harm om eg talar! Om det no finst tretti der?» Han svara: «Eg skal ikkje gjera det så sant eg finn tretti.»
31 Abraham sa: «Sjå, eg har våga meg til å tala til Herren. Om det no finst tjue der?» Han svara: «For dei tjue skuld skal eg ikkje øydeleggja byen.»