4 Lat oss få henta litt vatn, så de kan vaska føtene og kvila dykk her under treet!
5 Så skal eg finna ein bete mat, som de kan styrkja dykk med før de fer lenger – sidan de no har lagt vegen om tenaren dykkar.» Dei svara: «Ja, gjer som du seier!»
6 Då skunda Abraham seg inn i teltet til Sara og sa: «Nøyt deg og ta tre mål kveitemjøl; kna det og bak kaker!»
7 Sjølv sprang han bort til buskapen og henta ein fin og god kalv; den gav han til tenestguten, som skunda seg og laga han til.
8 Så tok han rjome og mjølk og den kalven som guten hadde laga til, og sette det fram for mennene. Og han stod hjå dei under treet medan dei åt.
9 Då sa dei til Abraham: «Kvar er Sara, kona di?» Han svara: «Ho er inne i teltet.»
10 Ein av dei sa: «Til års på denne tid kjem eg til deg att, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltdøra, som var attanfor han.