18 Men Lot svara: «Å nei, herre!
19 Tenaren din har då funne nåde hjå deg. Stor er den truskap du har vist meg med di du berga livet mitt. Men eg kan ikkje røma til fjells; for då kunne ulukka nå meg, så eg laut døy.
20 Sjå, den byen der ligg så nær at eg kan røma dit; store staden er det ikkje. Kjære, lat meg få røma dit – han er då så liten – så eg kan berga livet!»
21 Då sa han: «Ja, eg gjer deg til viljes i dette òg; eg skal ikkje øydeleggja den byen du nemner.
22 Skunda deg og røm dit! For eg kan ingenting gjera før du er framkomen.» – Difor kallar dei den byen Soar.
23 Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.
24 Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.