28 Då han skoda ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, såg han at det valt røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.
29 Så gjekk det til at Gud kom Abraham i hug då han øydela byane på sletta. Han leidde Lot midt ut or øydelegginga, som han sende over dei byane Lot hadde butt i.
30 Frå Soar fór Lot opp i fjellet og gav seg til der saman med dei to døtrene sine; for han torde ikkje verta verande i Soar. Så budde dei i ei fjellhole, han og dei to døtrene hans.
31 Då sa den eldste dottera til den yngste: «Far vår er gamal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan vera saman med oss på vanleg vis.
32 Kom, lat oss gje far vår vin å drikka og liggja med han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!»
33 Same kvelden skjenkte dei far sin vin, og den eldste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp.
34 Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr her, i natt låg eg med far. Lat oss gje han vin å drikka i kveld òg. Og gå så du inn og legg deg hjå han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!»