21 Han budde i Paran-øydemarka, og mor hans fann ei kone til han frå Egypt.
22 På den tid hende det at Abimelek og Pikol, hærføraren hans, sa til Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer.
23 Sver no ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borna og etterkomarane mine! Liksom eg har gjort vel imot deg, skal du gjera vel imot meg og det landet du har fått tilhald i.»
24 Abraham svara: «Ja, det skal eg sverja på.»
25 Abraham kravde Abimelek til rekneskap for ein brunn som trælane åt Abimelek hadde rana til seg.
26 Men Abimelek sa: «Eg veit ikkje kven som har gjort dette. Du har ikkje sagt meg det, og eg har ikkje høyrt om det før i dag.»
27 Då tok Abraham småfe og storfe og gav Abimelek, og dei gjorde ei pakt med einannan.