30 Han svara: «Desse sju lamma skal du ha av meg; det skal vera eit vitnemål om at eg har grave denne brunnen.»
31 Difor kalla dei den staden Be’er-Sjeba; for der gjorde dei eiden, dei to.
32 Då dei hadde gjort pakt i Be’er-Sjeba, tok Abimelek og Pikol, hærføraren hans, ut og fór heim att til Filistarlandet.
33 Abraham planta ei tamariske i Be’er-Sjeba, og der kalla han på Herren, den evige Gud.
34 Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.