4 Og han omskar Isak då han var åtte dagar, som Gud hadde sagt han føre.
5 Abraham var hundre år gamal då han fekk sonen Isak.
6 Då sa Sara: «Gud har laga det så at eg må le. Og alle som høyrer dette, kjem til å le åt meg.»
7 Og ho heldt fram: «Kven skulle ha sagt til Abraham: Sara skal gje småborn bryst! Og så har eg fått ein son på hans gamle dagar.»
8 Isak voks opp, og mora vande han av. Abraham heldt eit stort gjestebod den dagen guten vart avvand.
9 Sara såg at sonen som Hagar frå Egypt hadde fått med Abraham, dreiv gjøn med Isak.
10 Då sa ho til Abraham: «Du skal jaga den trælkvinna der og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son min, med Isak.»