10 No sat Efron der mellom hetittane; og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:
11 «Nei, høyr her, herre! Eg gjev deg jordstykket og hola som er der. For augo på landsmennene mine lèt eg deg få henne. Gravlegg den døde kona di!»
12 Då bøygde Abraham seg for folket i landet
13 og sa til Efron, så landsmennene hans høyrde det: «Gjev du ville høyra på meg! Eg betaler deg det som jordet er verdt. Ta imot pengane av meg! Så vil eg gravleggja kona mi der.»
14 Efron svara Abraham:
15 «Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt 400 sekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg kona di, du!»
16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt medan hetittane høyrde på, 400 sekel, av det slaget dei brukar i handel.