16 Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt medan hetittane høyrde på, 400 sekel, av det slaget dei brukar i handel.
17 Så vart Efrons jorde, som ligg attmed Makpela, austanfor Mamre, skøytt til Abraham. Han fekk både jordet og hola, og alle trea som voks på jordet, så langt det rakk til alle kantar.
18 Det var dei vitne til, alle hetittane som var komne til porten i byen der Efron budde.
19 Og Abraham gravla Sara, kona si, i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det er Hebron, i Kanaan.
20 Såleis gjekk jordstykket og hola der over frå hetittane til Abraham, så han fekk det til eigande gravstad.