3 Sidan reiste han seg, gjekk bort frå den døde kona si og sa til hetittane:
4 «Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.»
5 Hetittane svara Abraham:
6 «Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.»
7 Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet,
8 og sa til dei: «Samtykkjer de i at eg ber ut den døde kona mi og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hjå Efron, son til Sohar,
9 så han lèt meg få Makpela-hola, som høyrer han til og ligg i utkanten av jordet hans. Han skal få full betaling om han her midt imellom dykk gjev meg hola til eigande gravstad.»