14 Misjma, Duma, Massa,
15 Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma.
16 Dette var Ismael-sønene; og det er namna på dei som bur i landsbyane og leirane sine, tolv hovdingar og ættene deira.
17 Levetida åt Ismael vart 137 år. Så anda han ut. Han døydde og fór til folket sitt.
18 Ismaelittane hadde bustadene sine mellom Havila og Sjur, som ligg austanfor Egypt, der vegen går til Assyria. Beint framfor alle brørne sine slo han seg ned.
19 Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak.
20 Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban.