17 Levetida åt Ismael vart 137 år. Så anda han ut. Han døydde og fór til folket sitt.
18 Ismaelittane hadde bustadene sine mellom Havila og Sjur, som ligg austanfor Egypt, der vegen går til Assyria. Beint framfor alle brørne sine slo han seg ned.
19 Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak.
20 Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban.
21 Isak bad til Herren for kona si; for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn.
22 Men då fostera støytte til kvarandre i livet hennar, sa ho: «Når så er, kvifor har då dette hendt meg?» Og ho gjekk og spurde Herren til råds.
23 Herren sa til henne:«To folkeslag er det i livet ditt,to folk skal skiljast ¬alt frå mors liv.Det eine vert sterkare ¬enn det andre,den eldste skal tena den ¬yngste.»