29 Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten.
30 Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom.
31 Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!»
32 Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?»
33 Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob.
34 Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten.