6 Men han gav òg gåver til dei sønene han hadde med fylgjekonene sine. Og medan han endå levde, lét han dei flytta bort frå Isak, son sin, og fara av stad, til eit land i aust.
7 Levetida hans Abraham vart 175 år.
8 Så anda han ut. Abraham døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og han fór til folket sitt.
9 Sønene hans, Isak og Ismael, gravla han i Makpela-hola, på jordet åt hetitten Efron, son til Sohar, austanfor Mamre,
10 det jordet som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart han gravlagd saman med Sara, kona si.
11 Og då Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande attmed Lakai-Ro’i-brunnen.
12 Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara.