9 Sønene hans, Isak og Ismael, gravla han i Makpela-hola, på jordet åt hetitten Efron, son til Sohar, austanfor Mamre,
10 det jordet som Abraham hadde kjøpt av hetittane. Der vart han gravlagd saman med Sara, kona si.
11 Og då Abraham var død, velsigna Gud Isak, son hans. Isak vart buande attmed Lakai-Ro’i-brunnen.
12 Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara.
13 Dette er namna på Ismael-sønene, nemnde i den rekkjefylgje dei vart fødde i: Nebajot, eldste son til Ismael, Kedar, Adbe’el, Mibsam,
14 Misjma, Duma, Massa,
15 Hadad, Tema, Jetur, Nafisj og Kedma.