43 Då tok Laban til ords og sa til Jakob: «Døtrene er mine, borna er mine, og buskapen er min. Alt det du ser, er mitt. Kva kunne eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?
44 Kom no, lat oss gjera ei pakt med einannan! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»
45 Då tok Jakob ein stein og reiste han til ein minnestein.
46 Og han sa til frendane sine: «Sanka i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys; og dei heldt måltid der attmed røysa.
47 Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.
48 Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed
49 og Mispa, for han sa: «Herren skal vakta på meg og deg, når vi ikkje ser einannan lenger.