44 Kom no, lat oss gjera ei pakt med einannan! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»
45 Då tok Jakob ein stein og reiste han til ein minnestein.
46 Og han sa til frendane sine: «Sanka i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys; og dei heldt måltid der attmed røysa.
47 Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.
48 Laban sa: «Denne røysa skal i dag vera vitne mellom meg og deg.» Difor kalla dei henne Gal-Ed
49 og Mispa, for han sa: «Herren skal vakta på meg og deg, når vi ikkje ser einannan lenger.
50 Fer du ille med døtrene mine, eller tek du deg andre koner attåt dei, så skal du vita at Gud er vitne mellom meg og deg, om det ikkje er eit menneske til stades.»