51 Då sa Laban til Jakob: «Sjå, denne steinrøysa og minnesteinen har eg reist mellom meg og deg!
52 – Både røysa og steinen skal vera vitne på at eg ikkje fer framom dei til deg, og at du ikkje kjem framom dei til meg på det som vondt er.
53 Abrahams Gud og Nakors Gud, han som var Gud åt far deira, skal døma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla åt Isak, far sin.
54 Og Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad frendane sine til måltid. Dei åt og var på fjellet den natta.
55 Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så fór han heim att.