14 Vil du ikkje gjera vel, herre, og fara føre tenaren din? Så kan eg fylgja etter i ro og mak, med ein fart som høver for driftene og borna, til dess eg er framme hjå deg i Se’ir.»
15 Då sa Esau: «Så vil eg la nokre av mennene mine vera att hjå deg.» Men han svara: «Kvifor det? Berre du vil visa meg godvilje, herre!»
16 Same dagen snudde Esau om og fór sin veg til Se’ir.
17 Og Jakob tok ut og kom til Sukkot. Der bygde han seg eit hus og laga lauvhytter til buskapen sin. Det er grunnen til at dei kallar staden Sukkot.
18 Sidan kom Jakob på si ferd frå Mesopotamia vel fram til Sikem i Kanaan. Og han slo leir utanfor byen.
19 Det jordstykket som han hadde sett opp teltet sitt på, kjøpte han av sønene til Hamor, far til Sikem, for hundre pengestykke.
20 Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.